VELKOMMEN!
Edland brønnboring AS er eit brønnboringsfirma danna i 2008 lokalisera i Edland i Vinje, Telemark
Vi tek på oss oppdrag innan brønnboring, fundamentering og pumpeanlegg i Telemark, Agder og på Vestlandet.
Om Edland Brønnboring AS
Dagleg leiar, Knut Olav Edland, hadde allerie i 2008 jobba i fleire år innan bransjen med pumpemontering og vedlikehald av eldre brønnar for Vinje Brønnboring. Firmaet består òg av Odd Steinar Edland som hovudsakleg tar seg av boring og montering.
Firmaet har i dag ei komplett boreekvipasje, med moglegheit til å ha boreriggen på flak på bil, eller på maskintralle, samt ein kompressor på flak. Dette gjer oss fleksible og i stand til å utføre dei fleste boreoppdrag som dukkar opp. Eigenprodusert borerigg i lettvektarklassa gjev minst mogleg avtrykk i natur og mark, dette gjev også moglegheit til belting på snoveg. I tillegg har me sertifisering til å utføre kapasitetsauking ved sprenging.
Den beste reklamen er fornøgde kundar! Derfor ynskjer me ein tett kontakt med kunden slik at me saman kan finne den beste løysinga for kvar enkelt. Vår målsetting er at kunden skal vera 100% fornøgd med vårt arbeid.
Tenestar
Snoveg
Med ein av markedets lettare boreriggar har me utstyret og kompetansen til å utføre boreoppdrag på vinterstid for minimal belasting og skade på naturen. Dette gjer det også mogleg å kome til stadar der terrenget ikkje tillet det på sommarstid grunna myrar, bekkar eller skrentar.
Brønnboring
Me borar brønnar for vassforsyning til hytter, bustadhus, gardar og industri. Det er fleire typar vassbrønnar, det vanlegaste er loddrett brønn på 60-90 meter. Om du har behov for større vassmagasin kan me bore 120-150m. Typografien kan tilsei at ein vil krysse fleire vassårer ved skåboring. Kva slags brønn som er aktuell for kvar einskild kjem an på korleis terrenget og grunnforholda er der brønnen skal borast. Me ynskjer saman med kunden å finne fram til kor mykje vatn ein har behov for. Dette vil variere noko i frå kunde til kunde. Eit gardsbruk i full drift har kanskje bruk for 5 gonger så mykje vatn som ein einebustad. Me talfestar kapasiteten som brønnen skal ha i kontrakten vår, og me stoppar ikkje før dette er oppnådd.
Energiboring
Med dagens fokus på miljø og straumsparing er boring etter grunnvarme den sikraste måten å få ein rimleg og miljøvenleg oppvarming av bustad eller hytte. Du har i praksis ditt eige kraftverk i grunnen under bustaden din.
Energiboring er ein sikker investering for deg og miljøet. Me borar energibrønnar og monterer kollektorsløyfe i brønnen, fylt med kjølemedium. Me sveisar isolera kollektorsløyfer om ynskjeleg.
Pumpeanlegg
Me har riktig pumpe til din brønn!
Treng du ei ny pumpe til brønnen din? Kva slags pumpe som er riktig for deg og bruket ditt ventar på fleire ting. Edland Brønnboring AS har pumper som passar private heimar, hytte og næring.
Blant det store utvalet vårt av pumper finn du noko som passar alle bruksområde – anten brønnen din er spesielt djup, eller om du treng stor kapasitet.
Me leverer slitesterke pumper med høg kapasitet.
Alle pumpene våre er svært driftssikre og meinte for å vara mange år, med minimalt med vedlikehald. Pumpene er motstandsdyktige mot støv og partiklar.
Er du usikker på kva pumpe som vil fungera best for deg? Ta kontakt i dag, så finn me riktig løysing!
Fundamentering og spesialboring
Fundamentering innebér å bore stølrøyr ned til eller rett i fast fjell. Desse kan settast stålkjerner i og støypast for så å bygge rett oppå. Er grunnen ustabil eller vert det for dyrt å byte ut masser der du vil bygge? Då kan det lønne seg å bore fundament.
Spesialboring innebér som oftast å bore gjennom fjellknausar eller under veg for legging av kablar, vatn eller avløp.
Hyttebrønn
På grunn av vår lokalisering midt i eit turistområde, er ein stor del av oppdragsmengda vår boring etter vatn til hytter. Me har moglegheit til å ta boreoppdrag på dei fleste hytter, alt frådei som har bilveg til døra, til dei som ligg fleire hundre meter frå bilveg.
Ligg hytta di langt frå bilveg forutset dette sjølvsagt løyve til motorisert ferdsel i utmark i frågrunneigar og kommune. Vår borerigg er spesialtilpassa for boring på hytter som ligg eit stykke frå bilveg. Me har i slike tilfelle veldig god erfaring når det gjeld boring på seinvinter og vår, fordi ein då kan belte boreriggen på snoveg. På denne måten vil ein unngå skader i terreng og myrer kan passerast. Me leverar pumpeanlegg til hytter der det er innlagt straum, aggregat eller om einynskjer ei gamaldags håndpumpe. Ein frostsikker vasspost på hytteveggen er det meoftastmonterar. Andre løysningar kan me også tilby.
Kapasitetsauking
Vi har sertifisering til å utføre kapasitetsauking ved bruk av sprenging.
Service av brønnar
Det vil av og til oppstå behov for service på eldre brønnar. Det kan vera problem med innsig av overflatevatn eller at brønnen har for liten kapasitet. Sjølve pumpeanlegget bør også ha ettersyn i form av kontroll av lufttrykk på trykktanken. Me har erfaring og kan hjelpe med å løyse dei fleste problem som skulle oppstå.
Maskiner
Firmaet har i dag ei komplett boreekvipasje, med moglegheit til å ha boreriggen på flak på bil, eller på maskintralle, samt ein kompressor på flak. Dette gjer oss fleksible og i stand til å utføre dei fleste boreoppdrag som dukkar opp.
Eigenprodusert borerigg i lettvektarklassa gjev minst mogleg avtrykk i natur og mark, dette gjev også moglegheit til belting på snoveg